OVE ARNE OLDERKJÆR

Det er Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) som på denne måten ønskjer å gjera inngrep i salstidene for fyrverkeri i eit forsøk på å redusera omfanget av vitlaus bruk av nyttårsrakettar i forkant av nyårsfeiringa.

Innskjerpinga gjeld alle kommunar i Rogaland og Hordaland i eit prøveprosjekt som skal gå over tre år. Også dei butikkane som for 2005 og seinare år alt har fått salsløyve for fyrverkeri etter gjeldande forskrifter, blir ramma av prøveprosjektet. Ifølgje forskriftene kan det seljast nyårsrakettar i perioden 27. — 31.desember.

DSB skriv til alle kommunane i Rogaland og Hordaland at direktoratet ønskjer ein årleg rapport om korleis nyordninga verkar inn på rakettbruken. Ordføraren i Randaberg kommune ved Stavanger skal samordna prosjektet slik at alle kommunar i dei to fylka får samme salstider.

Direktoratet er merksam på at det kan bli stort trykk på utsalsstadene når det berre blir to salsdagar. Derfor ber DSB kommunane om å sjå til at det ikkje blir for få butikkar som får salsløyve.