No kan detbli slutt på at Norleds aldrande ferjer tøffar dobbelt så langt som fjorden erbrei mellom kommunane Kvinnherad og Stord. Etter ti års press frå Kvinnheradhar Stord formannskap i dag gitt etter og gått inn for ny ferjekai nærmarenaboen.

Kjemienmellom Sunnhordlands to største kommunar har ikkje vore den beste etter atStord gong på gong har avvist ønskjet om halvert ferjetur over fjorden som skilgrannane.

Mellombels i ti år

Skjersholmaneferjekai ut mot Bømlafjorden skulle vera mellombels løysing då Leirvik blei fortrong i 2003, men var i ferd med å bli permanent. Stordabuen prøvde, men fann avnatur— og miljøomsyn ingen brukande alternativ. Heilt til i dag, dåformannskapet med sju mot to røyster gjekk inn for nytt ferjestø der også Vegvesenetog Hordaland fylkeskommune lenge har ønskt det: På Kvernanes ved Rommetveit ogE39.

— Målet måvera at me skal kryssa fjorden, og ikkje driva med fjordcruising, sagruppeleiar Harry Herstad (Ap) ifølgje avisa Sunnhordland.

Dersom Stordkommunestyre og overordna styresmakter følgjer opp, og Vegvesenet finninvesteringsmidlar, vil ein ny ferjekai kunna byggjast på Kvernanes for 173millionar kroner, ifølgje ein 2008-rapport frå Statens vegvesen.

Nettovinst 240 mill.

Ferja si overfartstidblir redusert frå 35 til 20 minutt, og ferjebilletten kutta med over 30 kroner.Innkortinga vil spara dei reisande utgifter på 95 millionar og offentlegeferjetilskot på 300 millionar kroner over 25 år, ifølgje Statens vegvesen. Densamfunnsøkonomiske vinsten ved investeringa blir på over 240 millionar kronernetto.

Stord-politikaranegjekk tidlegare inn for å utgreia alternativt ferjestø i Djupavik ved Leirvik.Men her ville det krevjast svært store investeringar, blant anna grunna eitunnelløysing mot E39. Saman med mange høyringsuttalar som gjekk imotKvernanes-alternativet, innstilte rådmann Magnus Mjør overfor formannskapet påat Skjersholmane framleis blir lending for Kvinnherad-ferja.

Ny kai på Halsnøy

Kvinnherad-rådmannTrond Sætereng har lova at kommunen vil starta ein prosess for å planleggjanytt ferjeleie på Kvinnherad-sida straks Stord har imøtekome ønskjet omKvernanes som ny Stord-lending. Førstevalet er ny ferjekai ved Ungholm, som er endånærmare Stord enn dagens kai i Ranavik.

Ifølgje finansieringsplanen forHalsnøytunnelen, skal Ranavik vera ferjekai iallfall ut bompengeperioden på 15år. Tunnelen blei opna i 2008, og førte til at Sunde på fastlandssida iKvinnherad blei lagt ned som ferjekai for Stord-ferja.