Terje Ulvedal

Avgjerda inneber at alle kirurgiske inngrep i heile Sogn og Fjordane i framtida skal skje ved Førde sentralsjukehus. Dette fører til vesentleg lenger reisetid for mange pasientar. Etter at tilrådinga blei kjend sist veke, har det komme sterke protestar frå Sogn og Nordfjord.

Men også ved Førde sentralsjukehus blir det endringar. Mellom anna skal sengepostar slåast saman, slik at talet på tilsette kan reduserast.

I følgje administrasjonen for helseføretaket i Sogn og Fjordane vil tiltaka som det no er blitt gitt grønt lys for, gje innsparingar på 50 millionar kroner. Men dette er ikkje nok til å dekke eit innsparingskrav på nær 70 millionar frå neste år.