Da ein av Ytredals sjåførar skulle starte opp bilen natt til lørdag, oppdaga han at bremseslangen var kutta tvert av.

— Det verkar som om nokon ønskjer at eg ikkje skal lukkast i Førde. Men eg er inga døgnfluge - eg er komen for å bli, seier Ytredal til NRK Fylkesnytt.

I ei årrekke har Ytredal drive drosjeverksemd med utgangspunkt i Vadheim i Høyanger kommune. Men i november etablerte han ein skysstasjon med tre-fire minibussar i Førde sentrum. Ifølgje Ytredal har køyretøy og tilsette fleire gongar har vore utsett for handlingar som han meiner er gjort av personar som vil stoppe han.

Men han har aldri vore utsett for så alvorlege hendingar som natt til laurdag.

Ifølgje Ytredal var det berre flaks at gjerningsmannen tok ein bil som hadde automatgir, som ikkje kan startast utan bruk av bremsen. Hadde dei tatt bilen som stod ved sida av, kunne det skjedd ei dødsulukke, meiner drosjeeigaren, som politimelder saka mandag.