Knut Ole Frantzen, som driv Team Trafikkskole i Deknepollen ved Måløy, oppdaga sjølv at bremseslangen til frambremsa hadde blitt kutta tysdag ettermiddag. Det skjedde rett før ein køyretime på Nordfjordeid.

Køyrelæraren meiner det kunne gått skikkeleg gale, dersom han ikkje hadde oppdaga at frambremsa var defekt. Han meiner saka er så alvorleg at politiet må etterforske hendinga som eit drapsforsøk.

— Det er konstatert at bremseslangen er kutta med ein gjenstand. Så langt etterforskar vi dette som eit skadeverk, seier førstebetjent Isak Husevåg ved Eid lensmannskontor.

Etter det bt.no får opplyst har sykkelen ikkje vore brukt sidan 18. mai. Motorsykkelen har i denne perioden stått på ein parkeringsplass ved Sjøgata i sentrum på Nordfjordeid. Ved lensmannskontoret på Eid blir det understreka at dei ser alvorleg på saka.

— Dette kan ha skjedd over ein periode på 14 dagar. Med bakgrunn i det, har vi ikkje dei beste odds for å finne ut kven som har gjort dette, seier Husevåg.