— Bergensbana er ei oppleving i seg sjølv, men det unike med denne jernbanestrekning er at den er kopla til turistmagnetane Flåmsbana og Sognefjorden. Kutt i dette etablerte tilbodet vil råke dei mest kjøpekraftige kundane våre, som kjem til landet utan eigen bil, og setje kraftige kjeppar i hjula for reiselivsnæringa i heile fylket, seier reiselivssjef Noralv Distad i Aurland og Lærdal Reiselivslag til Sogns Avis.

Distad meiner Sogn og Fjordane har ein unik stilling innan reiselivet i Skandinavia, med det beste av det Europa kan tilby av naturopplevingar.

Han hevdar at over 150 millionar kroner står på spel. Det er den summen dei reisande legg att i Sogn og Fjordane, melder Sogn Avis i dag.