EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Politiet i Bergen har i lang tid klaga over at det er så vanskeleg å finne plass til varetektsfangar. No kan det bli endå verre. Fengselet må spare inn fire millionar kroner inneverande år på grunn av omorganiseringa med nye fengselsregionar, ifølgje Harald Rongved i Bergen fengsels— og friomsorgsforening.

— Eitt av alternativa vi har diskutert med leiinga er å stengje ei avdeling. Det vil gi mindre overtid, færre innsette og mindre bruk av vikarar, seier Rongved. Dei 32 plassane på avdeling D, som har den mest opne soningsforma i fengselet, er dei som er mest i faresonen, ifølgje Rongved, som heller ikkje ser bort frå at varetektskapasiteten kan bli ramma. Også spesielle opplegg for å forebygge rusmisbruk, vald og seksuelle overgrep, risikerer å bli radert ut, ifølgje Rongved.

Fungerande fengselsdirektør Arvid Senneset ønskte ikkje å kommentere budsjettkutta i går ettermiddag.