EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Ideen til den storstilte Visa-svindelen dukka opp tilfeldig på ein ferietur i Egypt: Den eine kvinna var innom ein bank i Kairo for å ta ut pengar i den lokale valutaen — egyptiske pund. Ved ein feil fekk ho i staden utbetalt summen i amerikanske dollar, som er nesten fire gonger så mykje verd.

Oppmuntra av den sjenerøse bank-praksisen fann bergensjentene i byrjinga av 20-åra ut at dei ville gjenta suksessen. Det ga uttelling: Banken sjekka ikkje saldoen i heile tatt ved uttak med Visa-kort.

Angrar sterkt Damene vart dermed straks faste kundar: I løpet av 12 dagar og 39 bankbesøk tok den eine ut 1.137.368 kroner frå to kontoar ho hadde i Kreditkassen og Sparebank 1 Vest. At saldoen på sistnemnde konto var fattige 87 kroner og 85 øre før bankbesøket, var inga hindring. Kusina følgde opp med å ta ut snautt 860.000 kroner på same måte, ifølgje politiet.

Tirsdag var den mest aktive av dei to dømt til eitt år og to månaders fengsel i Bergen byrett - fire av månadane utan vilkår. Ho angrar sterkt på det ho har gjort, og har betalt attende det aller meste av pengane.

Har konvertert Bergenskvinna har konvertert til Islam etter svindelen, og møtte i retten heilt tildekt, i tråd med den muslimske tradisjonen ho følgjer. Ho gjorde det klart at den religiøse overtydinga hennar gjer at ho ikkje ville kunne gjort noko liknande i dag.

Kusina som skal ha stukke av med 860.000 kroner er det verre med. Ho er ikkje å oppdrive, og politiet veit heller ikkje kvar pengane har tatt vegen. Ho er også sikta for fleire tjuveri.

— Tiltalte kunne ikkje svare på kvar ho er, seier politiadjutant Helge Vigerust, som var aktor i går.

Skulle bli lån Kvinna som sat på tiltalebenken, forklarte at planen var å opne forretning i Egypt saman med kusina og ektemannen, som er utlending og utvist frå Noreg. Pengane skulle brukast som startkapital, og tanken var å kontakte bankane seinare for å gjere det heile om til banklån.

Kvinna, som er student, bur i dag i Italia. Ho er gravid, og ventar barn i september. Forsvarar Christine Due Sivertsen meiner dommen er i strengaste laget.

— Ho har tilstått, ho angrar, og ho har gjort opp for seg. Vi meiner det her kunne vere grunnlag for samfunnsteneste i staden for fengsel, seier Due Sivertsen, som i går ikkje visste om dommen vil bli anka.

Les også: - Aldri opplevd maken