EYSTEIN RØSSUM

Etter at MS «Rocknes» var snudd, reiste ekspertar frå Kongsvinger-firmaet Ibas AS til Ågotnes og skrudde ut kartmaskinen frå den sterkt skadde brua. Skipets nøyaktige posisjon vart kontinuerleg registrert og lagra ved hjelp av gps-utstyret om bord, og etter fleire vekers arbeid har Ibas AS konkludert med at dei skal greie å hente ut praktisk talt alle filene frå maskinen.

Dette betyr at det etter alt å dømme vil vere råd å finne den heilt nøyaktige ruta ulykkesskipet følgde gjennom Vatlestraumen i minutta før båten gjekk rundt og 18 sjøfolk omkom 19. januar i år. Også farten båten heldt vil kome for ein dag.

— Vi skal greie å hente ut nær 100 prosent av det som låg lagra på datafilene, seier marknadssjef Tormod Nymoen i Ibas AS.

Pris: 500.000 kroner

I sjøforklaringa i Bergen var ulykkeskursen eit sentralt spørsmål. Losen meinte han hadde ført skipet i det som på sjøkartet var merka som trygt farvatn, men var i ettertid ikkje i stand til å skissere kursen han hadde vald. Politiet meinte å vite nøyaktig kvar skipet grunnstøytte, ut frå måling og skrapemerke på sjøbotnen i Vatlestraumen: men korleis skipet gjekk før det hamna der, kunne ingen gje svar på.

Analysearbeidet som nå er sett i gang kostar etter det Bergens Tidende kjenner til i underkant av 500.000 kroner før moms. Rekninga har dei to forsikringsselskapa som assurerte MS «Rocknes» tatt på seg å betale. Den fullstendige rapporten skal vere klar i byrjinga av juni.

Vurderer søksmål

Grunnen til at forsikringsselskapa interesserer seg så sterkt for båtens kurs, er at dei undersøkjer om nokon kan gjerast økonomisk ansvarlege etter forliset. Det gjeld særleg statlege organ, som Kystverket og Sjøkartverket.

Dersom assurandørane kjem fram til at sjøkartet eller merkinga av leia var for dårleg, og at losen har rett i påstanden sin om at han sigla heilt normalt i det som skulle vere reint farvatn, kan resultatet bli eit rettsleg krav på mange titals millionar kroner mot staten.

Lastekalkulatoren granska

Difor vil Ibas-rapporten inntil vidare bli liggjande hos reiarlaget og hos Gard og Norwegian Hull Club.

— Rapporten blir i første omgang tilgjengeleg berre for assurandørane og reiarlaget. Så får vi sjå etter kvart. Først må vi i alle fall lese rapporten sjølve, seier advokat Tom Haugård Evensen i Wikborg Rein, som arbeider for Gard og Norwegian Hull Club.

Også lastekalkulatoren og to gps-maskiner vart henta opp frå vraket kort tid etter ulykka. Lastekalkulatoren er ferdig analysert av Ibas-ekspertane, og ei arbeidsgruppe i Sjøfartsdirektoratet ser på korleis skipet var lasta og kva stabilitet det hadde. Dei skal avslutte arbeidet sitt i midten av juni.

VIKTIG PLATE: På denne disken frå kartmaskinen på MS «Rocknes» ligg all informasjon om posisjon og fart i minutta før grunnstøytinga. Ekspertar frå Ibas AS har greidd å berge og analysere filene. <p/>FOTO: IBAS AS
FINNE NØYAKTIG KURS: Det vil truleg vere råd å finne den heilt nøyaktige ruta ulykkesskipet følgde gjennom Vatlestraumen i minutta før MS «Rocknes» gjekk rundt og 18 sjøfolk omkom 19. januar i år.</p> ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ