Testikkelkreft er den mest vanlege kreftforma blant yngre menn. I 2000 fekk nær 250 norske menn diagnosen, og dei siste åra har det vore ei femdobling i talet på tilfelle av testikkelkreft i Norge.

Dyster statistikk, ja visst. Men samtidig kan ingen andre kreftformer vise til så gode behandlingsresultat som nettopp testikkelkreft. Nesten alle menn som får diagnosen, blir kurert etter behandling. Berre to prosent døyr med sjukdommen.

Tidlegare overlevde berre kring seksti prosent av pasientane, får BT opplyst hos Kreftregisteret.

— I dag er det godt håp for dei aller fleste som får testikkelkreft, seier professor og overlege ved Haukeland universitetssykehus i Bergen, Olav Dahl, til BT.

Ny cellegift i 1978

Haukeland behandlar kring femti pasientar med testikkelkreft kvart år.

— Dei få vi ikkje klarar å redde, er som regel menn som kjem for seint til behandling, ofte fordi dei har kvidd seg for å søke hjelp, fortel Dahl.

At nesten alle med testikkelkreft blir kurert, har fleire årsaker. Viktigast er truleg Cisplatin, ei cellegift som kom i bruk i 1978.

— Cisplatin har vist seg å vere utruleg effektivt mot testisk cancer, men er ikkje heile forklaringa, seier Dahl.

I tillegg kjem betre røntgendiagnostikk som ultralyd og computer-tomografi. Også blodprøver med spesifikke markørar, stråling og kirurgi har gjort legar langt betre i stand til å skreddarsy og tilpasse behandling etter pasientens behov.

— Det er det totale samspelet av alt dette som gjev gode resultat, seier Dahl.

- Eit lyspunkt

Forskingsleiar i Kreftregisteret, Steinar Tretlid, stadfestar at ingen andre kreftformer kan vise til like god helbredingsstatistikk som testikkelkreft.

Dei oppsiktsvekkjande gode tala er ei oppmuntring for kreftforskinga, meiner han.

— Eit lyspunkt! Dette er spesielt og hyggeleg, og viser at vi iallfall nokre stader har klart noko, seier Tretlid.

I årevis har forskarar prøvd å finne ut kvifor stadig fleire menn får testikkelkreft. Teoriane har vore mange. Det er blitt hevda at testikkelkreft skuldast sprøytemiddel i landbruket, eller planteøstrogen.

For nokre år sidan vart også sykling lansert som mogleg årsak, fordi det kunne utløyse mikrotraumer mot testiklane.

Reell risiko

— Folk ønskjer enkle løysingar, og det har vore mange teoriar og forslag. Eg for min del trur at sykling er meir sunt enn skadeleg, seier professor Dahl.

— Men det tala viser, er at for nye generasjonar menn er det ein reell auke i risikoen for å få testikkelkreft. Kva dette skuldast, veit vi enno ikkje, men truleg er det faktorar tidleg i fosterstadiet, eller like etter fødselen.

I Norden er danske menn hyppigast ramma av testikkelkreft, der tolv av 100.000 får diagnosen årleg. Norge følgjer hakk i hæl med cirka elleve tilfelle pr. 100.000, mens berre halvparten så mange svenske menn får diagnosen kvart år. I Finland er talet endå lågare, berre to tilfelle pr. 100.000 menn.