Då Hjørdis Kurås blei teken ut til å vere med på Vestlandsutstillinga med lydinstallasjonen «Hva er din rell'ion», var tanken å plassere kunstverket på flyplassane der utstillinga skal visast, Førde, Bergen, Ålesund, Haugesund og Stavanger.

Første tilbakemeldinga var positiv. Men så gjekk ein eller fleire i tenkjeboksen, og saka til topps i Avinor. Avinors nettverksmøte security, dei har ansvar for tryggleik, kom med råd om å seie nei. Grunnen var at «man ikke ønsker å bringe inn forhold som avviker fra den fokuserte sikkerhetsholdningen som er forsøkt prentet inn i de reisende den siste tiden». Lufthamnsjefane i Førde, Ålesund, Haugesund og Stavanger gav deretter melding om at kunstverket var uønskt.

Identitet

— Eg har litt vanskeleg for å sjå korleis denne installasjonen kan vere ein terrortrussel, seier Kurås.

Flesland har som einaste lufthamn takka ja til å stille ut kunsten som er sett saman av ein gullpokal med Vålerengalogoen og opptak av ein supportersong. I songen syng supporterane om at laget er deira religion. Målet til Kurås med å stille spørsmålet «Hva er din rell'ion», er å få i gang tankar om identitet.

— Området i Oslo der Vålerenga har sitt utspring, har ei veldig sterk samkjensle. Idrettsklubben er ein viktig del av denne identiteten, seier Kurås som sjølv vaks opp i denne delen av hovudstaden. Ho fortel om at berre få år etter at Vålerenga var stifta, kom det 20.000 menneske når dei skulle spele fotballkamp.

— Kvifor plassere installasjonen på flyplassar?

— Flyplassar representerer stader der folk anten reiser frå noko eller kjem heim. Min tanke har vore at ei slik plassering kunne få folk til å gjere seg tankar om kva det vil seie å vere frå ein stad, seier oslokunstnaren som utdanna seg i Bergen.

- Feil signal

Sjef for Førde Lufthamn, Siv Merete Stadheim, ville i går ikkje kommentere saka. Ho viste til at dette er ei avgjerd som er teken av Avinor, noko fungerande seksjonssjef for sikkerheit i konsernet, Jan-Erik Martinsen, avviser.

— Lufthamnsjefane har eit sjølvstendig ansvar, seier han.

— Men Avinor gav råd om å seie nei?

— Vi ønskjer at passasjerane skal vere obs på bagasje og gjenstandar som er gløymt igjen på flyplassar. Ved å opne for å plassere ut dette kunstverket, ville vi gje reisande eit feil signal i forhold til arbeidet vi har drive på dette området.

— Korleis reagerer Avinor på at Flesland har takka ja?

— Det er sjefen på Bergen lufthamn i sin fulle rett til å gjere, seier Martinsen som utover dette ikkje ønskjer å gje ytterlegare kommentarar til saka. Bortsett frå å opplyse at dei hadde fotografi av kunsten på bordet då dei sa nei.

Gangbru

— Eg syns no det er veldig dumt då. Terrorfaren på Førde Lufthamn kan vel ikkje vere så veldig stor? Eg trur Avinor med slike haldningar er med på å skape meir frykt, seier Hjørdis Kurås.

Iført VIF-gensar monterte ho i går installasjonen i den omdiskuterte gangbrua mellom to av handelshusa i Førde. I staden for på Førde Lufthamn:

— Her går det mykje folk. Om ikkje anna håpar eg installasjonen kan fungere som reklame for Vestlandsutstillinga.

Kurås er glad for at Flesland trassar rådet frå Avinor, og har takka ja til å ta mot kunstverket når Vestlandsutstillinga kjem til Bergen 8. juni.

— Flesland har til og med sagt at det tek mot installasjonen med glede.

Oddleiv Apneseth