— Utruleg at folk som ivrar for å få Odda inn på UNESCO si verdsarvliste, kan finna på noko slikt, seier vernemotstandar Kjetil Jordahl i Odda Frp.

— Alt er gjort i samråd med vernestyresmaktene og kommunen, parerer Anne Marit Buer, leiar for kunstnarlaget Folgeform og venstremedlem i Odda kommunestyre.

— Storm i eit vassglas, kommenterer ordførar Gard Folkvord.

_Les mer:

Smeltekrangel avgjort_

— Politisk er dette heilt uproblematisk, om det kan vera eit formelt problem, må eg i tilfelle sjekka nærare, seier kommunesekretær Harald Jordal.

- Lova må haldast

Han fortel at Odda-politikarane er fullt klar over kva som går føre seg, men berre Jondahl har brydd seg med det.

— Det må vera eit minstemål at det er gitt byggjeløyve før ein sagar eit svært hol i betongveggen, køyrer inn tunge maskiner for å riva opp golvet, riv ut vindaugo og byter frå glatt til ru takpapp, seier Jondahl.

— Men er ikkje Frp mot UNESCO-søknad og for ein praktisk utnytting av bygningane?

— Heilt rett, men ting må gå rett for seg. Lova er til for å haldast, seier Jondahl.

_Les også:

Ny smelteverksstrid_

Anne Marit Buer vedgår at Folgeform var komne på etterskot med levering av planar og arkitektteikningar til kommunen, men presiserer at arbeidet er gjort i samråd med vernestyresmaktene. Også kommunen, som gav huset gratis til kunstnarane, er halden orientert.

— Heilt vanleg

— Kan hola i ytterveggene skapa problem for ein eventuell UNESCO-søknad?

— Nei. Her er det planlagt glasfelt i endegavlen og nye vindauge på langveggene i ein stil som ekspertisen tilrår. Dette er heilt vanleg når gamle hus skal tilpassast nye føremål, seier Buer.

Ho fortel at det skal koma utstillingslokale og ein kafe innanfor det store holet i veggen. Difor må det sleppast inn meir lys. Glasfeltet får i form som er tilpassa eksteriøret på containerverkstaden elles.

I tillegg til kafé og utstillingslokale skal huset innehalda kunstnarverkstader.

Folgeform er ei samanslutning av 15 kunstnarar som gler seg til å få eit fellesskap å halda til i, utpå ettersommaren ein gong.

Christiansen, Roar