Formannskapet i Gloppen har klarert den første halve millio-nen til forprosjektet under føre-setnad av at fylkeskommunen, næringslivet og staten stiller med resten av dei 1,5 millionane som sjølve forprosjektet kostar.

— Fylkeskommunen er storfor-brukar av undervisning og idrett i dagens Firdahall på Sandane, men bygget er gamalt og er langt frå å stette dagens krav seier ordførar Anders Ryssdal til avisa Firda.

Ryssdal peika på at prosjektet vil kombinere utdanning, idrett, forskning og ny næringsaktivitet under same tak og bli eit kunn-skapssenter i denne delen av Nordfjord. I kommunesentret Sandane har Gloppen frå før etablert ein næringshage.