TERJE ULVEDAL

Saman skal dei to arbeide for å finne teknologi — og kunnskapsbaserte prosjekt for å skape ny sysselsetjing i kommunane langs Sognefjorden.

Prosjektet er direkte knytta opp mot nedbygginga av industriarbeidsplassar ved aluminiumverka i Årdal og Høyanger. I begge bygdene vil fleire hundre arbeidsplassar forsvinne som konsekvens av at Hydro skal stengje dei forurensande Søderberg-anlegga innan utgangen av 2006. Hydro har sagt nei til å modernisere dei to verka, og signalisert at dei ikkje vil investere i meir aluminiumproduksjon innanlands. Samstundes har Hydro teke på seg å delta aktivt i arbeidet med å få til ny næringsutvikling i Årdal og Høyanger.

Stiftinga Connect Noreg blei stifta i 2001 for å hjelpe til med raskare kommersialisering av teknologi- og kunnskapsbaserte vekstbedrifter. Bak stiftinga står mellom andre Næringslivets Hovudorganisasjon, Innovasjon Noreg, universiteta, forskingsparkar og SINTEF. Connect vil gjennom samarbeidet med Hydro og lokale aktørar arbeide for å få teknologibaserte verksemder til å etablere seg i området, og hjelpe dei som alt er i gang.