Klokka 13.30 vart søkjarlistene til fylkesmannsstillingane i Troms, Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag og Oslo og Akershus klare.

Medan det i Oslo og Akershus vertr kjendiskamp mellom Per-Kristian Foss og Valgerd Svarstad Haugland, er det berre éin søkjer som vil overta etter fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn og Fjordane: Dagens assisterande fylkesmann Anne Karin Hamre.

Desse søkte ikkje

Dei tidlegare stortingsrepresentantane og statsrådane frå fylket — Heidi Grande Røys (SV) og Reidar Sandal (Ap) - var tippa som søkjarar. Men det gjorde dei ikkje.

Sandal søkte i fjor fylkesmannsjobben i Hordaland. Den fekk Lars Sponheim.

Foss mot Svarstad Haugland

Til fylkesmannsjobben i Oslo og Akershus står konkurransen mellom tidlegare stortingsrepresentant og statsråd Valgerd Svarstad Haugland (KrF) og Per-Kristian Foss (H). Dei sat saman i Bondevik II-regjeringa. Foss sit framleis på Stortinget der han også er visepresident. Haugland er kyrkjeverje i Oslo.

Begge hadde på førehand gjort det klart at dei ville søkje.

Det er også ein tredje søkjar, ein kvinneleg advokat, som neppe har sjanse til å nå opp.

Departementet skuffa

Det er tre søkjarar til fylkesmannsjobben i Sør-Trøndelag. Det er tidlegare stortingsrepresentant Ola T. Laanke (KrF), tidlegare fiskeriminister Otto Gregusson (Ap) og departementsråden i Fiskeri- og kystdepartementet, Jørn Krog. Krog har tidlegare vore generalsekretær i Norges Fiskarlag.

Ein fjerde person, som truleg er polsk statsborgar, kan ikkje få ei slik stilling.

Fylkesmann Svein Ludvigsen i Troms har ingen utfordrar til jobben for eit nytt åremål på seks år som fylkesmann i Troms.

Etter det Bergens Tidende forstår er Fornyingsdepartementet svært skuffa over at det er så få søkjarar.

Her er søkjarlistene:

Oslo og Akershus:

Haugland, Valgerd Svarstad; 54; Kyrkjevere; Vettre

Foss, Per-Kristian; 60; Stortingsrepresentant; Oslo

Tveit, Ingfrid Oddveig; 62; Advokat ; Jessheim

Sogn og Fjordane:

Hamre, Anne Karin; 45; Assisterande fylkesmann; Sogndal

Sør-Trøndelag:

Olender, Adam; 42; worker - Grontvedt Pelagic AS, Norway; Torun, Polen

Gregussen, Otto; 54; Regiondirektør; Trondheim

Krog, Jørn Aksel; 62; Departementsråd; Oslo

Lånke, Ola Torgeir; 62; Teneste som vikarprest; Rennebu

Troms:

Ludvigsen, Svein, 64; Fylkesmann; Sommarøy

Hvorfor er det så få søkere, tror du? Diskutér i kommentarfeltet under!