ARNE HOFSETH

Leiaren i det kommunale miljø— og kulturutvalet, Randi Blomhoff Pedersen, overraska nesten alle i salen då prisen vart utdelt i eit overraskande innslag under konserten i Nain på Voss sundag. Der var Fossegrimen berande element i framføringa av oriatoret «Skapelsen» av Haydn, og demonstrerte sin styrke som regionalt symfoniorkester. Med godt over 100 songarar frå ulike kor i distriktet, vart framføringa ei mektig oppleving.

Styreleiaren måtte pent legga fagotten frå seg og ta imot kommunen og folket sin hyllest.

Blomhoff Pedersen la vekt på at Peder Ringdal gjennom 20 år som leiar for Fossegrimen har gitt orkesteret ei brei kontaktflate med musikarar og publikum i Vossaregionen. Fossegrimen er orkesteret som vågar å tenka nytt og breitt i form av samarbeidsprosjekt, eit vidt musikalsk spekter og dristige, nyskapande produksjonar. Fossegrimen representerer eit steg vidare for motiverte unge musikktalent frå Musikkskulen som finn sin plass i symfoniorkesteret og utviklar seg vidare der.

Dei unge musikarane sin plass i orkesteret vart også kommentert av prisvinnaren då han takka for heideren. - Her sit eldste- og yngstemann side ved side, og aldersskilnaden er over 60 år, sa Ringdal.

Også i år er prisen eit metallarbeid av vossakunstnaren Leif Gjerme.