Smårettar av kalv, gris og hjort stod på menyen som varma. Men fersk bakst og kald mat høyrer også med når småskalaprodusentar samlast; røykt kjøt i pølseskinn eller vakuumplast, på små glas med tett tilsnørt lók, på flaske eller kanne. Flatbrødet kjem framleis i leivar, og skillingsbollane har kanel i svingane.

Julegåver

Til bordets gleder høyrer også dukar frå husflidlaget si vevstove, tresleiver og bordpynt av mange slag. Voss kunstlag nytta høvet til å opna juleutstillinga «Bord dekk deg».

For dei som ville satsa på julegåver som ikkje kan etast opp, men vara litt lenger, heldt kunstnarane og trearbeidarane i Magasinet ope nabohus.

Musikk og lafting

Til ein kulturell festival høyrer også kulturell musikk. Ei rekke musikarar trakterte hardingfele og langt andre instrument. Og sidan dei helt til på Vestnorsk kulturakademi (tilskipar saman med Vossameny) er ikkje lafteteknikk til å koma utanom. Det er fascinerande å sjå korleis dei bygde spikerlause hus før i tida.

SMÅLAFTARAR: Ein må tidleg svinga klubba, som god laftar skal bli. Bjørn Haugo Herfindal har hand om den store, medan Peter Brudvik fann vetleklubba hendig til si bruk.
Arne Hofseth
FRUKTBART: Eple høyrer med til kulturmaten, både i fast, mosaktig og flytande form.
Arne Hofseth
BISMAK: Honning med ein snev av skotsk kultur.
Arne Hofseth