Ein hyttebuar i Fonnestraumen i Austrheim høyrte desperate rop om hjelp i ett-tida søndag. Ei bekymra melding tikka inn til politiet og hovudredningssentralen som svarte med full utrykning.

– Hyttefolk i nærleiken vart spurt om dei sakna nokon, seier Eirik Walle på Hovudredningssentralen på Sola.

– Til slutt var det nokon som kom på å spørre bonden på staden. Han fortalte han hadde vore ute og lokka på kyrne i same tidspunkt. Det var nok nokon som hadde høyrt feil.

– Kva heitte kyrne sidan det høyrtes ut som hjelp?

– Hehe, nei det seier soga ikkje noko om, seier Eirik Walle.