Sotra er lengst framme i denne leiken, og nedkjempa eine motstandaren etter den andre med kjappe raid og vel innøvd strategi. Malingsfylte plastkuler vert knust ved treff og malingsflekken på klede eller den påbodne andletsmaska røper kven som er sett ut av spel.

Det heiter ikkje gevær, men markør (av engelsk «marker», til dømes spritpenn), ein reidskap til å setja merke. Opphavet er utblinking av tre som skal fellast. Også her i landet er blinkeøksa bytta ut med raudmåling, på sprayboks.

Paintballen sparde folk for mange steg i store kanadiske skogar, og krigsleiken vart skapt i lunsjpausane, fortel Stephen Doherty, som har laga paintballbane på Mossafinn ved Bulken, men til no ikkje oppnådd nok interesse til å skipa paintballklubb. På turneringsbanen er naturen erstatta av oppblåsbar plast.