Under krigen hadde tyskarane militæranlegg med m.a. luftvernkanoner på Lauvåshaugen.

Før dei for etter frigjeringa, kvitta dei seg med noko av ammunisjonen ved rett og slett å hiva denne ned i lia på sørsida av haugen ned mot der Ørnahaugen burettslag ligg i dag. Myra der burettslaget ligg i dag var den gongen minelagt.

I denne lia fann vi gutane både pressakrutt og store mengder med lausammunisjon (treproppar). Vi hadde såleis ”fri tilgang” til krut som kunne nyttast i heimelaga gevær og sprengstoff som kunne nyttast til ”saluttering”, og aldri har det vel vore ”saluttert” så mykje i Fyllingsdalen som nett i dei åra etter krigen.

«Min barndoms dal — del 1» les du her

«Min barndoms dal - del 2» les du her

Fleire år etter krigen hakka skuleborna opp ein handgranat i denne lia då dei dreiv skogplanting. Far min dekte til granaten og sprengte han ved hjelp av ei vanleg fenghette med lunte, og det var ikkje noko å seia på sprengkrafta og splintverknaden sjølv etter fleire år i jorda.

Heldigvis vart det ikkje noko eksplosjon då skuleborna hakka granaten laus.

Skulegang og konfirmasjon

På skulen gjekk vi anna kvar dag heilt til vi kom i 6. klasse. Om vi då skulle lære engelsk i tillegg måtte vi gå på skulen kvar dag, engelsk tysdag, torsdag og laurdag og norskfaga måndag, onsdag og fredag. Skuletida var ei fin tid, og så uhorveleg myke vi lærte den gongen.

Vi kunne både lesa og skriva og rekna, no les eg i avisene at det står dårlig til med slike kunn-skapar i dag, endå ungane går på skulen kvar dag no og har skulefritidsordning i tillegg. Det er nok som eg seier, "gutta boys" var nok noko anna den gongen.

Amerikareisa til kyrkja

Vi hadde ikkje kyrkje i Fyllingsdalen, dalen hørte inn under Birkeland meinigheit. Så kyrkja ”vår” låg på Nesttun, og dit var det ei heil ”Amerikareise” den gongen.

Men var det stillt i Fyllingsdalen, og været var godt, kunne vi faktisk høyre når kyrkjeklokkene på Storetveit kima inn høgtidshelgene – det kunne ofte vere meir andaktsfullt enn å sitja i sjølve kyrkjerommet.

Då vi nærma oss konfirmasjonsalder måtte vi dra heile den lange vegen til Nesttun til konfirmasjonsførebuing.

Vi kunne då ta buss til Fjøsanger og ta tog til Nesttun derifrå, elles måtte vi ta buss til Laksevåg, ferje til Sukkerhusbryggen og toget til Nesttun frå Jarnbanestasjonen, og så sjølvsagt same vegen attende.

Ofte vart det til at vi måtte gå heim frå Fjøsanger, det var ikkje alltid det var høveleg korrespondanse mellom tog og buss. Då vart det både mørkt og seint før vi kom oss heim.

Ingen kommunal ungdomsleiar

Men då vi vart konfirmerte, 14 år gamle, kunne vi vera med i Ungdomslaget, hadde du fått prestehanda på deg var du moden for ungdomslivet.

Ungdomslaget måtte vi driva sjølv, det var ingen kommunal tilsett ungdomsleiar som la til rette fritida for deg den gongen. Skulle vi ha fest, ja, så måtte alt arbeidet gjerast av medlemene sjølv, nokre rydda huset, bar bord og benker, nokre sørgde for matlaging, andre servering, ein var festleiar, andre sto for underhaldninga og alle var med og rydda og vaska etter festen.

Då vart det gjerne det vi kalla ”skalkefest” den dagen.

Fritidsproblem var eit framandord for oss, det eksisterte ikkje i vårt vokabular, har eg nemnt det før at "gutta boys" var noko anna den gongen---?

Forsterka fargeskala

Grøn var min barndoms dal, og grønare og grønare minnest eg dalen for kvart år som går, det har ikkje noko med fargeblindhet eller liknande å gjere, trur eg, men kan henda er det eit alderssymptom at fargeskalaen vert forsterka med åra?

Dette er siste del av ei forteljing i tre delar om ein barndom i Fyllingsdalen på førti- og femtitalet.

_Her er første del - Då bussen var skitrekk

Her er andre del - Heile dalens Don Juan_

Har du barndomsminner frå Fyllingsdalen som du vil dele med andre? Skriv det inn i kommentarfeltet under, eller send det til lokal@bt.no

Hartveit