Det blei dermed eit iskaldt møte med skulen etter jule— og nyttårsferien for rundt 150 elevar på Stord måndag morgon. Sju av 16 klassar blei sende heim fordi klasseromma var for kalde for undervisning.

— I løpet av romjula har det gått hol på eit varmerøyr i første høgda. Dermed var sju av klasseromma iskalde då elevane kom på skulen i dag, seier undervisningsinspektør Berge Aadland ved Leirvik skule til Stord kommune sin nettstad.

I dei ni resterande klasseromma kunne undervisninga gå som normalt. Skuleleiinga valde å senda heim elevar som hadde pårørande å gå til. For dei andre blei det arrangert naudløysingar i grupperom på den gamle skulen, der det for tida går føre seg ei større utbygging.

Det blir arbeidd med å reparera det øydelagde vassrøyret. Alle elevar skal møta til vanleg skuledag tysdag.