Ein skoddedott kjæler enno ein topp høgt over meg, og ein heng att nedi lia. Men skydekket er i ferd med å sprikka, og her og der har fjella med snøflekkar på berre blåe himmelen å strekkja seg mot no.

Eg glir lydlaust langs stranda. Lagar små bølgjer som skvulpar muntert mot steile berget, der dei knusest og blir borte. Her er trongt og bratt, og visseleg har det til tider vore tungt for dei som har vore bufaste og knapt har sett anna i livet enn grå fjellsider og høyrt skredene buldra mot vatnet. Ein gong her, ein gong der, og kvar finn det vegen neste gong? Snø og stein kast i kast mot avgrunnen.

Urene brettar seg ut til ei vifte nede ved fjorden. Mange skrinne og knapt mosegrodde, men somme graskledde nok til å ha gjeve eit utkome ein gong. Plass til ei husklyngje. Tufte, Styve, Dyrdal, Undredal. Mørkt, undersolt, skuggefullt og alt anna enn bonderomantisk på grå og kalde kvardagar. Men i dag er det grønt, frodig og freistande gjestmildt, og når sola sender ein stråle ned over fjordlandskapet, er det nesten så ein kunne tenkja seg å slå seg ned på kva husmannsplass som helst her langs dei stille strendene.

Eg er på veg, som dagen er det, men som han, har eg det meste framfor meg. Og over meg. Himmel, høgder. Bratte berget, breie urer. Gul kajakk pløyer blanksvart fjord her innom alle nes og alle vindar. Ei stripe av sol når ned til meg, og eg ser det blenkjer i eit åreblad der framme ved den neste odden.

Vi er mange i same ærendet, og endå fleire i anna. Cruiseturistane vinkar vante frå båtdekk og ferjedekk og undrar seg nok over alle dei innfødde som er ute og ror og padlar denne morgonen. Kanskje trur dei det er slik det er dagstøtt på ein av verdas vakraste og mest vidgjetne fjordar. Kajakkar og robåtar i flokk og fylgje, eine før og hin etter. Cruisefart på norsk.

Det er åreleik på Nærøyfjorden. Med muskelkraft skal vi ta oss fram frå Gudvangen til Flåm. 35 kilometer i noko av det finaste fedrelandet har å by på av natur. I november vart Nærøyfjorden landskapsvernområde etablert, og no er det håp om at fjorden også kjem på UNESCOs verdsarvliste. Kva betre måte er det vel å feira slikt på enn i farkostar som ikkje bråkar, ikkje forureinar, ikkje er til bry og sjenanse? Ja, somme er jamvel til pynt.

Slik vart tanken til, ideen unnfanga, og i dag er dagen komen for Hege Strømme og Dee Cunningham, ekteparet som driv Stigen gard høgt over Undredal i Aurlandsfjorden. Ho frå Fyllingsdalen, Bergen, han frå Missouri, USA.

— Vi hadde håpa på kanskje 30-40 deltakarar, så vart det nær innpå hundre. Er det ikkje fabelaktig? kvitrar Hege.

Ho og Dee har tenkt å gjera Åreleiken til eit årvisst arrangement, og mykje tyder på at fjordturen i muskeldrivne farkostar er liv laga.

— Vi føler at det å ta seg fram ved hjelp av handmakt er naturvenleg og heilt i tråd med vernetanken. Så håpar vi at dette kan vera ei oppleving som gjev meirsmak til alle som deltek, seier Hege, vel vitande om at dei kjem nok att, alle hundre og fleire til.

Eg ser det ikkje, men eg veit dei er himmelfalne, turistane om bord i skip og båtar og ombygde bilferjer. Dei går Nærøyfjorden inn, Nærøyfjorden ut att, stoggar ved ein foss, bremsar ved ei bygd og ei husklyngje, så folk kan få sjå og la seg imponera over det store i det små, det mektige i det ekte, det verdfulle i det uforfalska, det storslåtte i det som kan få vera slik det alltid har vore.

Eg ser det, eg og, men frå eit anna perspektiv. Eg kan kjøla meg i vasspruten frå fossen, kjenna trugsmålet frå berget som heng i lause lufta over meg. Eg kan gjera strandhogg på eit nes der sauer beitar. Eg kan helsa på, og få svar frå, nyfikne geiter der eg glir forbi svaberget dei kviler på. Eg kjenner duftene av sommar, høyrer lydane av vind og vatn, kjenner mila i musklane. Eg er nær, så nær at eg veit ikkje heilt om eg er tilskodar eller deltakar, framand eller kjentmann, gjest eller inntrengjar. Eg er fri, men også sårbar.

Det tek sju timar, på minutten. Ein arbeidsdag om lag. Ut Nærøyfjorden, inn Aurlandsfjorden. Frå strand til strand. Ikkje noko karsstykke i den målestokken som rommar Amundsen og Nansen og Ousland og Kagge.

I Flåm samlast vi likevel med ei lita kjensle av dåd, av mot og meistring. Rundt bordet, rundt bålet, rundt båtane. Rundt denne gleda vi delar over å kunna leva livet fullt og heilt og, ja, stundom litt på eventyrarvis.

RAST: Pause på ei steinete strand. Det er råd å etterfylla vassflaska her.<br/>Foto: KNUT LANGELAND