— Vi har ikkje tenkt å gå inn for det, i det heile, seier gruppeleiar i Venstre, Anders Skoglund.

Tor Woldseth i Frp er òg heilt klar:

— Frp har ingen tanker om å leggje ned skulen på Kronstad.

Dei vurderer rett nok å flytte skulen inn i lokala til døveskulen Hunstad skule rett over vegen.

Får hard medfart

Utspelet frå Høgre, som vart gjenteke i BT i går, får hard medfart frå politiske motstandarar i bystyret. Klårast er SVs gruppeleiar Oddny Miljeteig:

— Dette er ingenting anna enn eit råkøyr mot ungar, foreldre, nærmiljøet og Årstad bydel. Det er veldig påfallande, fordi Høgre ikkje gjer det same med andre skular, eller bydelar.

— Eg trur dette handlar om at Høgre vil vise handlekraft i eit område der dei ikkje har så høg valoppslutning, seier Miljeteig, som sjølv bur i bydelen.

Fleire ungar i Årstad

Lite tyder på at Arbeidarpartiet heller vil støtte ei nedlegging av Kronstad skule.

Pål Hafstad Thorsen, som representerer partiet i bystyrets oppvekstkomite, seier det slik:

— No har vi ikkje vore i Årstad på synfaring, og vi har ikkje behandla saka i partigruppa. Men mi innstilling er at vi ikkje skal gå for skulenedlegging i Årstad bydel.

Alle nedleggingsmotstandarane peikar på at sjølv om det er ledige plassar i skulane i dag, er det venta kraftig vekst i barnetalet i bydelen i åra framover.

Ein årsak til det er den planlagde utbygginga ved Damsgårdsundet.

Det tredje byrådspartiet, KrF, har ikkje tatt stilling til saka.