Fylkesbesøket strekkjer seg over tre dagar, og omfattar kommunane Askvoll, Flora, Gloppen, Stryn, Hornindal og Eid. Kronprinsparet kjem til fylket med båt, frå Sandane går reisa vidare med bil, heiter det i ei pressemelding frå Fylkesmannen.

Slik er programmet:

Askvoll

Kronprinsparet kjem til Bulandet, Noregs vestlegaste samfunn med heilårsbusetnad, med båt.

Flora

— Norsk hjortesenter på Svanøy

— Kulturprogram på Torget i Florø

— Solbakken asylmottak

— Internasjonal festkveld i Flora samfunnshus

Gloppen

— Folkefest på tusenårsplassen på Sandane

— Grøn omsorg på Breim

Stryn

— Designmiljøet i Stryn kommune

— Utandørs underhaldning i Stryn sentrum

— Middag for inviterte gjester på Hotel Alexandra (fylkeskommunen er vertskap)

Hornindal

— Hornindal barnehage

— Utandørs folkefest på Grodås

Eid - Nordfjord psykiatrisenter

— Folkefest på Eksersisplassen

Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX