Christian Michelsens Institutt (CMI) er 75 år i år. Det må sjølvsagt feirast. Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson heldt i dag den årlege Christian Michelsen-forelesinga, denne gongen om tilhøva i Sudan. Seinare var det klart for stort middagsselskap, men ein måtte venta på dei siste gjestane.

Nokre minutt før klokka 19 svinga den svarte, store bilen med det spesielle skiltet opp framfor Håkonshallen. I baksetet sat kronprins Haakon og Herman Friele. Framfor og bak kom politibilar, og ein skimta òg sikkerheitsvakter med den karakteristiske leidningen festa i øyra.

— Velkomen til Bergenhus, sa major Harald Gåsø. Kvarterkommandanten fekk det ærefulle oppdraget å ta imot kronprinsen sidan kommandanten sjølv var forhindra. Dei vernepliktige sto, som instruert, stramt oppstilt.

Deretter var det CMI-direktør Gunnar M. Sørbø og styreleiar Ingvild Gilhus som kunne ønskja velkomen til Håkonshallen. Dei var sjølvsagt glade for at kronprinsen tok seg tid til å vera med på feiringa av 75-årsjubileet.