— Eg var skikkeleg redd, fortel jegeren om dramaet under hjortejakta på Rye i Gloppen sist veke.

Det er avisa Firda Tidend som fortel historia i dagens avis.

Ein kveld sist veke gjekk to kalvar, ei vaksen kolle, ei fjorkolle og ein stor kronhjort på bøen. Føleide skaut fjorkolla og kalven, som han meinte måtte vere morlaus. Kronhjorten kun-ne han ikkje skyte, fordi løyva på bukkar alt var brukte.

Det var då Føleide skulle hente dyra at dramatikken starta. Brått kom bukken gåande mot Føleide, tydeleg sint og klar til angrep. Då hjorten berre var tre–fire meter unna, skaut jegeren i bakken framfor beina på dyret. Hjorten snudde, men berre for å ta ei lita runde på bøen før han kom att. På nytt fyrte Føleide av ei skot framfor beina hans, og denne gongen trekte det illsinte hanndyret seg tilbake.

Føleide, som har jakta i meir enn 40 år og skote fleire hundre hjortar, har aldri opplevd liknande.

— Eg er glad for at eg tok med meg geværet då eg skulle gå fram og hente dyra. Hadde eg ikkje gjort det, hadde han teke meg. Det er eg sikker på, seier Føleide.

Dersom hjorten hadde angripe for tredje gong, hadde Føleide bestemt seg for å skyte han.

— Vi har skote dei bukkane vi skal i år, og denne var så stor og flott at eg ville ikkje ta livet av han utan at det var heilt nødvendig. Det er viktig å ta vare på avlsdyra. Men hadde han kome mot meg for tredje gong, hadde eg ikkje tort å risikere noko lenger.