Men når bilistane som fyljer turistvegmerka fram til Hereiane, tilbyr Vegstellet service. I staden for eit gigantisk steinbrot, har Jondal fått til Tusenårsstad her. På ein gulmåla plattform er det reist eit særmerkt hus med to toalettrom.

— Det er første gongen eg har opna eit do, sånn offisielt, røper fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Tek ferja

Den høgtidelege handlinga markerte også at riksveg 550 Jondal - Utne er komen med i Turistveg Hardanger. Seinare skal merkinga halda fram til Odda, men ikkje på vestsida av Sørfjorden. Turistvegen tek ferja over til Kinsarvik og riksveg 13 innover.

Frå før er riksveg 7 mellom Halne på Hardangervidda og Steinsdalsfossen ovanfor Norheimsund inne i turistvegprosjektet. Ordførar Olav Seim i Granvin var med på opninga, og fleire gjenopningar, av denne turistvegen. I går vart atter ei gjenopning markert med stopp på rasteplassen i Steinstøberget nær Fyksesund.

— Turistvegprosjekta her i landet har tidvis hatt vind i segla, men innimellom har det vore vindstille, seier Seim.

Skjemmande kraftline

Akkurat no er han optimistisk med omsyn til nytt servicebygg og parkanlegg i Kvanndal, der kriseløysingane har avløyst kvarandre på ferjekaien.

— Blir ikkje den påemna kraftlina skjemmande frå turistvegen tvers over fjorden?

— Opplagt, dersom ho kjem i luftspenn. Men vi kjem ikkje til å gje oss i den saka.

Riksantikvaren vil freda vegen mellom Utne og Jondal og legga strenge restriksjonar på opprusting og modernisering.

- Uforsvarleg

Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang er fortørna over at det ikkje fyljer pengar med fredingsframlegget, ikkje ein gong til den opprustinga som riksantikvaren kan godkjenna; fleire møteplassar, sterkare bruer og støypekantar. Samla kostnad 10 millionar kroner.

— Tungtrafikken går i dag på dispensasjon og er ikkje forsvarleg, spør du meg. Tenk litt på dei som bur langs vegen og må nytta han til privattrafikk og næring. Her vert det transportert store mengder frukt og tømmer, seier ordføraren.

Av dei 18 påtenkte turistvegprosjekta i Noreg er fire opna, deriblant Hardanger. Siktemålet er å tilby ukjende bilistar alternativ til dei store hovudvegane, merka køyrevegar som gir opplevingar.

Hjelp til distrikta

— På denne måten hjelper vi til med økonomisk vekst gjennom auka reiseliv i desse områda, sa Kjell Bjørvig, den assisterande vegdirektøren som rykte opp då Olav Søfteland tok permisjon.

— Vi gjer ikkje mykje med sjølve vegen, men jobbar med tiltak langs vegen, seier Jan Andresen, prosjektleiar på landsbasis.

Broren Bjørn er prosjektleiar for turistvegtiltaka i region Vest, og saman framførte dei musikalske innslag under tilskipinga i Hereiane, saman med lokale musikantar og dansande småtroll.

— Det er ikkje mykje gul midtstripe på vegane i Hardanger, men her er det godt med gulmåling, sa ordstyrar Guttorm Rogdaberg, og sikta til fundamentet under servicebygget. Også dodørene er gule.

— For å gjera det triveleg, forklarer sivilarkitekt Susanne Puchberger hjå 3RW arkitektar.

Huset er reist i diamantsaga brotskifer med brotsida inn (inviterer ikkje til tagging) og den glatte sagsida ut. Saginga er gjort ekstra vanskeleg ved at to av hjørna ikkje er rettvinkla.