Konsekvensen er at Miljøverndepartementet må ta avgjerda om vegløysinga til Fjellstrand sitt nye skipsverft på Neshalvøya.

Eigengodkjenning av reguleringsplanen for Neshalvøya er utelukka.

— Ei rask synfaring vil overtyda kvar og ein om at heradsstyret har den beste løysinga, seier fungerande ordførar Oddvar Brakestad.

Han er overtydd om at departementet tek turen.

Bøygen

Vegen til nyeverftet i Hansvågen må gå utanom Nestunet, langt utanom, meiner instansane som har fremja motsegn og avviser mekling.

Dei går inn for ein heilt ny kommunal veg frå riksveg 49 via Flatesvik, diagonalt over Neshalvøya frå Hansvågen. Siste strekket følgjer ein skogsveg.

Kommunen vil utvida den eksisterande vegen fram til skogsvegen.

— Mykje av denne vegen må vi likevel rusta opp og vedlikehalde, for tilkomst til Nestunet og andre bruk på Nes, til bustadfelt, tømmerkai og hytter, seier Brakestad.

Han synest ikkje at utviding av eksisterande veg er urimeleg for Nestunet.

— Eg har store problem med å sjå skilnad på dette gardsbruket og eit kva som helst vestlandsbruk med utleigehus. Det må tolast halvannan meter breiare veg og langt meir trafikk enn i dag, seier Brakestad.

Raserer natur

Han har ikkje sansen for at kommunen skal byggja heilt ny og kostbar veg gjennom jomfrueleg terreng, med tilhøyrande ekstra veglengd på det kommunale vedlikehaldsbudsjettet. Vegen er stukken slik at ein unngår påviste, automatisk verna kulturminne.

— Eg skjønar ikkje kvar Riksantikvaren har vore hen, når han går inn for denne vegen framfor utviding av den eksisterande, seier den fungerande ordføraren.

Ein ny veg legg beslag på store naturareal, får høge skjeringar og ei kostbar kryssløysing med riksvegen, der stein frå skjeringane kan nyttast til å fylla opp elvegjelet.

Alle 27 i heradsstyret avviser blankt denne vegløysinga, medrekna den eine representanten som røysta mot heile planen.

— Kva seier Naturvernforbundet?

— Ingenting. Dei har klaga på planen fordi dei ikkje vil ha verftet i Hansvågen, og skriv i klagen at dei ikkje vurderer vegalternativa.

Optimisme

Brakestad ser ikkje på Naturvernforbundet Hordaland sin klage som aktuelt tema. Heradet kunne ha eigengodkjent reguleringsplanen med den andre vegløysinga.

— Men har forbundet eit poeng når det gjeld å leita etter anna plassering av verftet?

— Slett ikkje. Hansvågen er ein av dei mest bortgøymde stadene i Hardanger. Kystkommunane ville nok gjerne hatt dette verftet, og sprengt bort både fjell og holmar for å få plass - utan at nokon lea på augnebryna. Men det er i Hardanger vi treng arbeidsplassane.

Brakestad viser til ein artikkel i Bergens Tidende nyleg, med eit stort raudt felt over forgubbingsområdet Hardanger og Voss.

— I Strandebarm har suksessen til Fjellstrand AS ført til optimisme. Heradet, idrettslaget, Trond Mohn og bygdefolket har gått saman om store løft, der dugnadsarbeid står sentralt.

Han viser til den nye skulen som er under bygging, med tilhøyrande idrettshall og symjebasseng, til 105 millionar kroner. Rett attmed ligg Strandebarm idrettspark med flunkande ny stadion som har grasbane for fotball og moderne dekke for friidrett. Nye tribunar og stort klubbhus er bygt, og på haugen ovanfor er den tidlegare husmorskulen ombygt til innkvartering for tilreisande brukarar.

— Dette hadde neppe kome på plass i ei tid med den pessimismen som nei til Hansvågen ville gitt. Må Fjellstrand flytta sitt nye verft lengre unna, blir nedlegging på Oma eit tidsspørsmål, spår fungerande Kvam-ordførar.

Hva synes du om saken? Si din mening i kommentarfeltet under!

STRIDENS EPLE: Tunet på Nes står ikkje i ei anna stilling enn vestlandsbruk flest med utleigehus, og må tola breiare veg og meir trafikk. Det meiner fungerande ordførar i Kvam, Oddvar Brakestad.