Den tida han har i land, innimellom arbeidsøktene i Nordsjøen, prøver han å fordela mellom familien i Hafslo og slektsgarden på Bakka utanfor Gudvangen. Han har overteke bruket, med buplikt.

– Eg er tom for glød og engasjement, seier Dyrdal til Aurlandingen.

I tre år har han hatt ein strid gåande med Aurland kommune, som meiner at han er for lite på Bakka til å oppfylla buplikta. Han meiner sjølv å ha presentert fornuftige framlegg til løysing, men møter motstand. No orkar han ikkje meir, og har overlate saka til advokat.

Olav Magne Dyrdal fekk skøyte på den vesle garden i verdsarvfjorden i august 2006, med rett for foreldra å bu der så lenge dei vil. I praksis har Olav Magne stelt garden dei siste 10-12 åra. Han har tankar om ei stegvis reiselivssatsing.

Landbruksforvaltninga har ikkje akseptert Dyrdal sitt framlegg om at han skal bu på Bakka 80 dagar i året.