TERJE ULVEDAL

terje.ulvedal@bt.no

Mellom 3000 og 4000 kroner frå kvar husstand vil berge økonomien i Sunnfjord-kommunen. Leiar i Viksdalen Bygdelag, Gro Haga, seier til NRK Sogn og Fjordane at dei ikkje ser nokon annan utveg for å redde stumpane av kommunen.

Initiativet kjem etter at kommunen har informert om den elendige økonomien på folkemøte i alle dei tre sokna i kommunen. Gaular må kutte tre millionar kroner i eit budsjett som frå før er skrapt til botnar.

Gro Haga seier skulane er så viktige for folk, at ho ikkje trur dei vil vegre seg for å stille opp med pengar som skal gå direkte inn på kommunebudsjettet. Ho trur også innbyggjarane i dei andre bygdene vil betale.