Stryn har dessutan overteke som største hjortekommunen i Sogn og Fjordane. Her blei det i fjor skote 704 dyr. Flora, som i fleire år har trona på hjortejakttoppen, er detronisert til andreplass. Deretter følgjer Bremanger, Gaular, Gloppen og Fjaler. Færrast fyr blir felt i sognekommunane Solund, Aurland, Årdal og Leikanger.

I tolv av kommunane i fylket blei det rekordavskyting. Det er i Nordfjord auken er størst. Stryn auka med 93 felte dyr og Gloppen med 70.

Fellingsprosenten er på 74, noko viltforvaltar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane karakteriserer som tilfredsstillande ut frå målsetjinga om ei avskyting på mellom 70 og 80 prosent.

I følgje Fylkesmannen blir utfordringa framover å diskutere seg fram til ei høveleg mål for nivået på hjortebestanden i fylket. Det er kommunane og grunneigarane som har ansvaret for å regulere mengda av hjort. Dei blir no åtvara mot teikn som kan tyde på for høg bestand i enkelte område.

— Den informasjonen vi har i dag tyder på at hjortebestanden er sunn og frisk, Men dei negative følgjene av ein stor bestand ser vi dagleg i meldingar om dyr som blir påkøyrde og skader på beite og skog, understrekar viltforvaltaren.

I Hordaland er tala ikkje klare. Viltforvaltar Tore Løne seier berre halvparten av kommunane så langt har sendt inn resultat frå jakta. Statistisk sentralbyrå kjem med tal for heile landet i første halvdel av mars.

Arkiv