Eit lite vinddrag i lufta demonstrerte at nedfall av kongler og barnåler frå furuskogen kan bli ei stor utfordring på banen til nær ti millionar kroner.

Kunstgrasbanen er først og fremst tenkt til trening og breddefotball, men vil også kunne brukast til seniorkampar. Det er lagt røyr til oppvarming av heile eller halve banen til ulike tider om vinteren. Voss Cup kan kutta ut sine fire minst gode naturgrasbaner frå neste år.

Du kan følgja med på arbeidet via vårt webkamera på Voss. Eit av dei to vêrkamerabilete frå Voss vil visa at stadig meir av fotballbanen til høgre skiftar farge frå grått til grønt.

<b>KUNSTIG GRAS:</b> Legging av kunstgraset kom i gang på Voss tysdag. Slik såg bana ut klokka 17.58 tysdag kveld. Sjå ferske bilete ved hjelp av vårt <a href="http://www.bt.no/kamera/article24457">webkamera på Voss</a>. OBS: Sikten kan tidvis være dårlig på grunn av sterk tåke.