Bergen Næringsråd rettar søkelyset mot delar av omorganiseringa i Forsvaret. Næringsrådet meiner den sentraliseringa det er lagt opp til, vil svekke sjøforsvaret og svekke det samla maritime leverandørmiljøet i Bergens-regionen.

Å flytte materielldivisjonen frå Håkonsvern til Bærum vil svekke dei positive synergieffektane i sjøforsvaret avdi ein plasserer leiinga langt unna den operative verksemda meiner Næringsrådet.

Næringsrådet viser til at Norsk Hydro har gått den motsette vegen av det Forsvaret nå legg opp til: flytta den strategiske leiinga nær dei operative einingane.

Ifylgje Hydro sjølv har dette verka sterkt til at konsulentselskapet McKinsey har utropt Norsk Hydro til den mest kostnadseffektive operatøren på norsk og britisk sokkel.

Statssekretær Bård Glad Pedersen i Forsvarsdepartementet seier til Bergens Tidende at Forsvarsdepartementet fylgjer opp vedtak frå Stortinget i fjor haust om at leiinga i materielldivisjonen skulle samlast på Kolsås i Bærum.

— Kor mange stillingar som vil bli overflytta frå Bergen og Håkonsvern, kan vi ikkje seie noko om i dag. Dette ligg i førsta hand hjå forsvarssjefen som må ha ein viss handlefridom. Men det blir ikkje snakk om alle dei 340 stillingane som har vore nemnt, seier Pedersen.

Han legg til at det er bestemt at bemanninga i FLO (Forsvarets Logistikkorganisasjon) skal reduserast med 1300 stillingar totalt. Det fører til kutt i bemanninga alle stader i landet der FLO er til stades.

Pedersen forsikrar at arbeidet med ombygging av dokken på Haakonsvern vil starte i år og vere avslutta i 2006. Det er i tråd med føresetnadane, seier han.

— Endeleg kan eg forsikre at HV 09 vil bli plassert ved Bergenhus. Det inneber at leiinga for Hordaland og søndre del av Sogn og Fjordane vil bli lokalisert til Bergen, seier Pedersen.