• Det er skummelt hvis jobbønske nr. 1 blant unge er å bli kjendis, seier artist Torhild Sivertsen til BT. Ho ville aldri la sine barn delta i Idol på TV 2.

— Når 3500 ungdommar stiller i kø for delta i Idol-konkurransen, er det eit sjukdomsteikn, meiner artisten frå Askøy.

Slankepress, kroppshysteri, skjønnheitsideal - og ein barndom som tilsynelatande berre blir kortare og kortare. Dette var tema på gårsdagens konferanse «Velkommen til Lykkeland», der Torhild Sivertsen var ein av paneldeltakarane.

Vanskeleg jobb

— Barn i dag er så veldig opptekne av å bli sett, av å bli kjendisar. I dag er dét viktigast, ikkje kva dei gjer. Eg synest det er skummelt.

Sivertsen fortel at ho gong på gong har diskutert dette med sine eigne jenter på ni og ti år.

— Då spør eg: Kvifor vil du bli kjendis? For skal du bli kjendis, må du ha noko å kome med, noko å seie, føle ein trang. Å vere kjendis er ein av verdas vanskelegaste jobbar.

— Det seier du som er kjendis sjølv?

— Eg har levd med eit absolutt ønske om å tone ned dén delen. For meg har alltid musikken vore viktigast, seier Sivertsen til BT.

- Flott å bruke heile seg

Også Tone Anette Eide, kjent som Idol-finalist på TV 2, sat i panelet.

— Eg meldte meg på Idol først og fremst fordi eg har lyst til å drive med musikk, ikkje fordi eg ville ha merksemd, sa Eide.

— Men etterkvart vart eg veldig oppteken av å kva eg kunne seie og ikkje, kva eg gjorde og ikkje gjorde, fordi eg visste mange unge såg opp til meg.

At dagens kvinneleg artistar ofte opptrer i minimalt antrekk, vart også debattert.

— Då eg debuterte som 22-23-åring, brukte eg ikkje altfor mykje tid på å tenkje over kva min eigen klesstil kunne gjere med unge fans. Eg har alltid synest at det er flott å bruke heile seg, ikkje skjule seg, fordi nokon kan ta anstøt. Men balanse er viktig, sa Sivertsen.

Uvel av MTV

— Det har alltid vore kvinnelege artistar som har brukt sterke visuelle verkemiddel når det gjeld klede eller sminke. Forskjellen no er at tilgangen er så voldsom. MTV står på døgeret rundt. Eg blir uvel hvis eg ser for mykje, fortalde artisten.

Paneldeltakar og redaktør av ungdomsbladet 4You, Nina Rambøl, sa at redaksjonen er kritisk til å vise bilde av svært avkledde artistar.

— Mange av bildene brukar vi ikkje. Vi prøver å være veldig forsiktige med sex'en, og spreie ein positivt bodskap til unge jenter om at det er viktig å ta vare på kroppen sin og sette grenser, sa ho.

— Vi prøver også å gå bak glamouren, og vise baksida av medaljen ved det å vere kjendis.

LYKKELAND: - Mine barn har ord som «sexy» og «slanking» i sitt vokabular. Dei orda kunne ikkje eg då eg var ni år, seier Torhild Sivertsen til BT. I går deltok ho på konferansen «Velkommen til Lykkeland» i regi av BarneVakten i Bergen. 4You-redaktør Nina Rambøl (t.v) og Idolfinalist Tone Anette Eide deltok også.<p/>FOTO: ARNE NILSEN