— Vi ser svært negativt på ei slik løysing. Grunnen er at så godt som alle kort vi har spelt ut i forhandlingane med fylkeskommunen, no er offentleg kjende.

Administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen, legg ikkje skjul på at han er skuffa over avgjerda i fylkesutvalet i går.

— Vi hadde venta at dei ville signere kontrakten, slik dei tidlegare har vedteke.

— Dommen frå Sogn tingrett seier at fylkeskommunen ikkje kan skrive kontrakt med Fjord1. Når fylkesutvalet no sluttar seg til denne dommen, så er vel konsekvensen at Fjord1 ikkje kan få kontrakten?

— Det er korrekt. Men dommen seier ikkje at Tide skal ha kontrakten. Tvert om konkluderer Tingretten med at Tide sitt tilbod skulle vore avvist, svarar Kristoffersen.

Fjord1 Fylkesbaatane vil no sitje på gjerdet til mø­tet i fylkesutvalet neste veke.

— Vi veit ikkje kva alternativ fylkeskommunen vurderer, og vel difor å halde oss litt avventande.

Det lukkast ikkje Bergens Tidende å få kommentarar frå Tide i går. @Tittel 30 pt:Kritisk til ny runde