— Eg måtte klypa meg i armen då eg fekk høyra det, seier Jondal-ordførar John Skogseth til Bergens Tidende.

Det er ikkje lenger sidan enn i juni at Fylkestinget vedtok ein avtale med Jondal kommune om ti års leige av skulebygningen, medrekna eit tilbygg til fire millionar kroner, som kommunen no skal byggja.

— Det er vanskeleg å forhalda seg til samarbeidspartnarar med slike svingingar, seier ordføraren.

— Er avtalen bindande?

— Einaste atterhaldet er departementet si godkjenning ut frå fylkeskommunen sin økonomi. At fylkeskommunen har gjort framlegg om nedlegging av lina, kan ikkje vera god nok grunn til å springa frå tiårsavtalen, meiner Skogseth.

Også rektor ved Norheimsund vidaregåande skule, Martin Risøy, mislikar framlegget om nedlegging av trebåtbyggjarlina. Men han er meir oppteken av å berga dette eineståande skuletilbodet for Hardanger, enn at ho absolutt skal halda til i Jondal.

— Trebåttradisjonen er viktig for Hardanger, og arbeidsgjevarar som Hardanger Fartyvernsenter og Djupevåg Båtbyggeri AS i Norheimsund treng kvalifisert arbeidskraft, seier rektor til Bergens Tidende.

— Det er politikarane som bestemmer. Dersom dei ikkje vil ha klassen i Jondal, må vi eventuelt sjå på andre løysingar, seier rektor.

Han har ikkje alternative lokale på reie hand, men er villig til å sjå om det er mogeleg å få til noko i Norheimsund, til dømes ved skulen eller nede ved Fartyvernsenteret.

Jan Erik Disen, som er deltidslærar for klassen i Jondal, er heller ikkje negativ til flytting til nordsida av Hardangerfjorden. For han ville det vera meir praktisk. Han er no flittig ferjependlar fordi han må spe på deltidsjobben med arbeid i Norheimsund.

— Er det slik at trugsmålet om nedlegging er eit opplegg til ny, opprivande debatt om lokaliseringa, har saka ein heilt annan dimensjon. Den debatten trudde eg vi var ferdige med. Det er slått fast at skulen ligg i ideell avstand frå lærlingplassane til å ha fokus på opplæringa, seier ordførar Skogseth.

— Her er i alle fall ingenting som distraherer, seier eleven José Madureira. Han kjem frå ein fiskelandsby i Portugal og synest trebåtbyggjarlina i Jondal er eit framifrå skuletilbod.

— Ikkje akkurat nokon metropol, men dette er einaste skulen for trebåtbygging i landet, seier mossingen Tormod Johannessen.

Christine Henschien frå Bergen vart hekta på trebåtar i Nederland. Ho fortel at elevane har innretta seg greitt i hyblar, heile hus og hytter på deling i Jondal sentrum og litt oppover i dalen.

BÅTBYGGJARAR: Lærar Jan Erik Disen gir råd og rettleiing til elevane Jose Madureira frå Portugal og Christine Henschien frå Bergen.