— Uheldig. Kraftige blødningar etter slike operasjonar er ein kjent komplikasjon, seier øyre-nase-hals-spesialist Øyvind Jensen i Bergen. Jensen er kritisk til måten dagoperasjoner hos privatpraktiserande spesialistar er brukt for å ta unna ventelistene for denne pasientgruppa.

Han driv sjølv spesialistpraksis med offentleg driftsavtale, men utfører ikkje operasjonar sjølv. Derimot henviser han pasientar vidare, og har difor førstehands kjennskap både til ventelistesituasjonen og dei medisinske sidene av saka.

— Kapasiteten har ikkje vore så dårleg som enkelte vil ha det til. Fritt sjukehusval har hjelpt godt på, ikkje berre innstasen frå dei private legane. På Voss har ventetida vore nede i halvannan månad, seier Jensen, som har nytta sjukehusa både på Voss, i Haugesund og i Førde i tillegg til Haukeland.

Medan sjukehusa legg inn pasientane over natta, blir dei sendt heim etter få timar når inngrepet blir gjort hos private.

— Observasjonstida blir pressa ned for å få igjennom fleire pasientar. Det ligg økonomisk vinning i å gjere dette. Det er uheldig, nettopp på grunn av faren for komplikasjonar, seier Jensen.

Nesten kvart år døyr mandelpasientar av blødningar etter slike operasjonar, ifølgje Jensen.

— Det er snakk om veldig få, ein brøkdel av ein promille av pasientane, og eg meiner ikkje å skremme nokon frå å gjennomgå ein mandeloperasjon. Men faren for komplikasjonar gjer at det er viktig å ha god beredskap i tilfelle noko skulle hende. Den er absolutt best på eit sjukehus, seier Jensen, som ikkje er i tvil om at han ville vald å sende sitt barn til eit sjukehus dersom han hadde valet.