Når rådmann Steinar Nesse i Fjell legg fram budsjettforslag for neste år, er det sparetiltaka som er gjennomgangstonen.

For sjølv om ordførar Lars Lie i Fjell ikkje vil kutte i tenestene, blir kommunen utan inntektene på tre millionar kroner som eigedomsskatten tar inn kvart år. Eigedomsskatten gjeld berre for verksemder og industri, og ikkje bustadhus.

Sjølv skriv rådmannen at berre tre høgst prioriterte byggjeprosjekt bør bli igangsette — medan resten blir skuva ut i tid.

Tilflytting

Å kutte eigedomsskatten er eit av hovudmåla til fleirtalskoalisjonen Høgre, Frp og KrF i Fjell.

I Fjell Arbeiderpartiet er gruppeleiar Marianne Sandahl Bjorøy provosert.

— Fleire og fleire kommunar vurderer eigedomsskatt. Fylkesmannen ber kommunar med dårleg økonomi om å vurdere det. At vi skal fjerne den er heilt unødvendig, seier Bjorøy.

Ho fryktar at kuttet vil gå ut over tenestetilbodet.

— Sjølv om det berre er tre millionar kroner, er det tre millionar som kunne bli brukt til noko nyttig. Pengane er bidrag frå næringslivet som gjer at vi kan bruke meir pengar på barnehageplassar og eldreomsorg, seier ho.

Det er utelukkande næringslivet som betalar eigedomsskatt, og Bjorøy trur dei har betalt sin skatt med glede.

Blant anna har bedrifter flytta frå Sund kommune - som ikkje har eigedomsskatt - til Fjell. Ho meiner kommunen ikkje blir meir attraktiv for næringslivet i åra som kjem.

- Unødvendig skatt

— Verksemdene her er meir opptekne av at infrastrukturen er god, og at det er nok barnehageplassar, seier Bjorøy.

Men ordførar Lars Lie (H) trur ikkje at tenestetilbodet skal bli svekkja.

— Vi vil gjere grep på drifta, og det er til drøfting no. Men eg ser ikkje for meg at det er spesielle tenester vi vil kutte i, seier Lie.

Han meiner eigedomsskatten er urettferdig.

— Folk og bedrifter bør ikkje betale utover det som er absolutt naudsynt. Du betalar allereie skatt når du kjøper eigedomen, og moms på alle byggjevarene, seier Lie.

Nokre ekstra inntekter skal inn i budsjettet. Fjell har rundt 250 millionar kroner sett i fond.

— Tidlegare har vi budsjettert med null i avkastning på dei pengane, seier Lie.

Blir vurdert i Sund

Samtidig som eigedomsskatten frå neste år forsvinn i Fjell, er det ikkje usannsynleg at den blir innført i nabokommunen Sund.

— Vi har ikkje diskutert eigedomsskatt, men alt må vurderast, seier Sund-ordførar Albrigt Sangolt (H) til VestNytt.

— Vi burde kanskje ikkje diskutert det i det heile. Men i dag har folk det godt. Økonomien i er god alle andre stader enn i kommunen, seier Sangolt.

Kommunestyret i Sund manglar 29 millionar kroner for å få budsjettet for neste år i balanse. Både skatt på næringsbygg, hus og hytte vil bli vurdert.

JA TAKK: Eigedomsskatten forsvinn til neste år i Fjell kommune, etter fire år. Det meiner Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell Ap er unødvendig. Det er berre bedrifter som har betalt skatten.

Valde, Vegar