Ein 55 år gammal mann frå Voss blei torsdag innlagt på Haukeland Universitetssjukehus med metanolforgifting. Tilstanden til 55-åringen er kritisk, men stabil, opplyser sjukehuset til bt.no.

– Han blei frakta til Haukeland Universitetssjukehus, og vi fekk beskjed om at mannen hadde fått alkoholforgiftning etter å ha drukke metanol, også kalla tresprit, seier lensmann på Voss, Ivar Hellene.

— Svært giftig

Mannen hadde drukke dette åleine i sin eigen heim, og det var ein kamerat som kontakta lege. Politiet har funne ein tiliters kvit plastdunk hos mannen, og frykter at meir av den farlege væska kan vere i omløp.

– Dette er ein svært giftig drikk, og det er viktig at andre ikkje drikk noko som dei ikkje kjenner opphavet til. Det var lite sprit igjen på dunken, noko som tyder på at han kan ha formidla dette vidare til andre på både brusflasker og vodkaflasker, seier Hellene.

Han åtvarer mot å drikke noko som ikkje har original emballasje eller forsegla kork.

Ønsker tips

Politiet arbeider no med å finne ut kor spriten kjem frå, og kven andre som kan ha den.

– Vi er i dialog med omgangskrinsen hans og andre som kan ha informasjon. Det er viktig at vi får vite kor spriten kjem og frå og kven andre som har. Dei som har kjennskap til dette må oss beskjed, slik at vi kan hindre at andre får i seg dette stoffet, som kan medføre store helseskadar, eventuelt døden.