Straumbrot er noko av det verste som kan skje ved eit aluminiumverk. Det vart difor slått storalarm då straumen forsvann like etter klokka sju måndag kveld. I meir enn tre timar arbeidde alt tilgjengeleg mannskap på spreng for å få straumen tilbake. Og i halv elleve-tida var feilen utbetra. Hadde straumen vore vekk eit par timar til ville krisa vore eit faktum. Metallet ville vorte nedkjølt og komme til å størkne i dei store omnane. Skadene kunne vore rekna i hundre millionar kroners-klassen. Straumbrotet kom som følgje av ein feil i ein kraftstasjon som forsynet heile tettstaden Høyanger med straum.