Heile veka har det vore forhandlingar på gang for å redde hjørnesteinverksemda i industristaden Høyanger. Men så langt har inga avklaring komme, og fleire signal tyder på at situasjonen er kritisk.

Frykt

Fleire fryktar no at forhandlingane om refinansiering ikkje skal føre fram. Ein konkurs vil bety at over 350 arbeidstakarar misser jobben. Fundo leverer aluminiumsfelgar til nokre av dei største bilprodusentane i Europa. Mellom Høyanger-fabrikkens største kundar er Volvo. Dei sender i dag eigne representantar til Norge for å verte oppdaterte på utviklinga. Til NRK Sogn og Fjordane seier pressesjef Ingemar Häslefors at Volvo i dag tidleg fekk melding om at "den økonomiske stoda i Fundo var verre enn ein så langt hadde rekna med".

Stopp i produksjonen ved Fundo kan føre til store vanskar for Volvo, fordi det er få produsentar av lettmetallfelgar i Europa. Det kan difor ikkje utelukkast at Volvo-representantane kjem til Norge for å leggje press på partane, for å komme fram til ei løysing slik at konkurs vert unngått.

Høyanger-ordførar Kjartan Longva møter i dag Gjensidige NOR Sparebanken og dei andre partane som drøftar framtida for felgfabrikken. Også i kommu-neleiinga er det no stor frykt for at det kan verte kroken på døra ved den største arbeidsplassen i kommunen. I så fall vil det ha dramatiske konsekvensar.

Fundo slit med stor gjeld, og greier ikkje å gjere opp for seg. Etter det Bergens Tidende kjen-ner til skal felgprodusenten mellom anna skulde Hydro Aluminium 40 millionar for råstoff til produksjonen av aluminiumfelgar.