Dei fire fylka på Vestlandet står for ein samla produksjon på omlag 53 milliarder kWh. Dette er over 43% av produksjonen av elektrisk kraft i landet. Trass i dette har linjenettet på Vestlandet ein del flaskehalsar:

— Sunnhordland og Bergenshalvøya vil ha trong for auka overføringskapasitet om det ikkje vert ein vesentleg auke i produksjon frå andre energikjelder i området, skriv Vestlandsrådet i brevet til komiteen.

Vestlandsrådet ber Stortinget om at tiltak blir sett i verk for å unngå kriser, som kan gi rasjonering og sonevis utkopling av straumforsyninga.