Det skriv Haukeland Universitetssjukehus i ei pressemelding.

62-åringen vart liggjande i vatnet etter ei båtulukke

— Personar i området høyrde rop og ser ein person som ligg i sjøen. Den første som ringde var ein tyskar, og meldinga var litt uklar. Etter kort tid kom også ein nordmann til staden og kunne gi nærare melding om kvar ulukka hadde skjedd, seier Svein Sørensen, operasjonsleiar i Sunnhordland og Haugalandet politidistrikt.

Redningsmannskapet skal ha funne mannen i sjøen attmed båten sin. Dei fekk han på land og starta naudsynt førstehjelp. Mannen er no sendt til Haukeland universitetssjukehus, tilstanden hans er førebels uviss.

Den skadde mannen skal vera norsk. Han skal ha våre ute i båt åleine då ulukka skjedde.

Ulukka skjedde i nærleiken ein kilometer nordvest for Urangsvåg i retning Goddo. Politiet fekk melding om ulukka klokka 21.12.

Mannen er alvorleg skadd, men tilstanden er stabil, opplyser akuttmottaket ved Haukeland sjukehus.