Han vart frakta i ambulanse til Haukeland sykehus, der han vart operert kort tid etterpå. Seint i går kveld var tilstanden kritisk, men stabil.

Det var like før klokka 14 måndag at politiet fekk melding om ulykka, som skjedde i samband med bygginga av det nye anlegget på Statoil Mongstad. Arbeidskaren var i ferd med å skru saman nokre stålkonstruksjonar, og skulle leggje ein tverrbjelke av stål på tvers. Bjelken skulle plasserast 2,5 meter over bakken, og mannen måtte bruke lift for å nå opp.

Han stod i korga på liften, då løftearmen kilte seg fast i ein bolt. Men brått løsna armen igjen, korga spratt opp og mannen vart klemt mellom stålbjelken og liften.

34-åringen fekk hovudskader, men var medviten då han vart frakta i ambulanse til Haukeland sykehus, får BT opplyst ved Lindås og Meland lensmannskontor.

Arbeidstilsynet inspiserte ulykkesstaden i går ettermiddag.