I dag skal bystyret ta stilling til byrådets integreringsmelding, «Handlingsplan for integrering og mangfald 2007-2010».

Det største opposisjonspartiet i bystyret er kritisk til meldinga, som dei meiner overlet integreringsarbeidet til frivillige organisasjonar.

— Kvaliteten i integreringsarbeidet meiner eg ligg i private hender, og det er eit stort problem for kommunen, seier bystyrerepresentant og politisk rådgjevar Pål Hafstad Thorsen (Ap).

Nei til jobbintervju

Som BT har vist gjennom ein serie artiklar om etnisk diskriminering, blir innvandrarar ofte ikkje innkalla til jobbintervju sjølv om dei er kvalifiserte.

I førre møte i Komite for helse og sosial foreslo Arbeidarpartiets Line Mai Turøy at kommunen automatisk skal innkalle innvandrarar som er kvalifiserte til jobbintervju.

Forslaget er det same som den raudgrøne regjeringa har innført for staten, ei ordning førte til at nær ein tredel av innvandrarane som vart innkalla til intervju fekk jobb.

Det forslaget ville ikkje Høgre, Frp, KrF og Pensjonistpartiet støtte.

Byråd for helse og sosial, Trude Drevland (H), seier ho gjerne vil at kommunen skal gjere noko for å få både kvinner og innvandrarar tilsett i kommunen.

— Eg har bedt om at vi ser på desse sakene, men å gå så langt som Line Mai Turøy gjorde? Nei, seier Drevland.

- Fullstendig feil

Drevland stiller seg elles undrande til kritikken som no kjem frå Arbeiderpartihald, og viser til at handlingsplanen fekk mykje skryt frå det partiet i komiteen.

— Det er fullstendig feil oppfatta viss dei meiner eg ønskjer å privatisere integreringa der vi har klare reglar for kva som er det offentleges ansvar, seier ho, og held fram:

— Dei må anten ha lese med feil briller, eller ikkje oppfatta det som står i handlingsplanen. Eg ønskjer involvering av frivillige, men det er for å få eit tillegg til tilbodet frå det offentlege, seier ho.

Drevland viser til at kommunen driv eit aktivt integreringsarbeid, og seier dei i stor grad har lykkast mellom anna i å hjelpe folk ut i arbeidslivet.

Bergens Tidende