PER MARIFJÆREN

Ingenting tyda på at noko var gale da kvinna kom inn til fødselen i mai i år, men likevel gjekk det gale.

Døydde like etter

Undervegs i fødselen dukka det opp faresignal, mellom anna misfarga fostervatn og dårleg fosterlyd. Dette er signal jordmødrene burde ha reagert på, men ikkje gjorde, meiner Helsetilsynet i Sogn og Fjordane. Barnet døydde like etter fødselen.

Helsetilsynet si gransking av saka resulterer også i kritikk mot sjølve sjukehuset. Opplæringa av nye jordmødrer verkar mangelfull, og ein har ikkje forsikra seg om at alle er kjent med rutinane, slår Helsetilsynet fast.

Fylkeslege Petter Øgar peikar på både dei to erfarne jordmødrene og sjukehuset i sin kritikk, men har ikkje gått til formelle steg mot nokon av partane.

— Handla uforsvarleg

— Jordmødrene følgde ikkje rutinane som er bestemt, og det ser ikkje ut til at dei har fått den informasjonen som trengst om gjeldande rutinar. Men det mest alvorlege er at dei to jordmødrene har handla fagleg uforsvarleg under fødselen ved at dei ikkje har reagert på teikn på at fosteret var i fare og at dei difor skulle tilkalla legehjelp, seier Petter Øgar til NRK Fylkesnytt.

Fødestove-ordninga betyr at dersom det er teikn på noko unormalt før ein fødsel, skal kvinna sendast til eit sjukehus med fullbemanna fødeavdeling. Og dersom noko unormalt oppstår undervegs i ein fødsel, skal gynekolog tilkallast. I dette tilfellet skal jordmødrene ha sett teikn på at noko var gale undervegs, men ifølgje Helsetilsynet ikkje ha reagert på det.

Sjokkert aksjonsleiar

Bente Øien Hauge er leiar i aksjonsgruppa Forsvar Lærdal Sjukehus, som var sterk motstandar av å legge ned fødeavdelinga til fordel for ei jordmorstyrt fødestove.

— Dersom denne tragedien har samanheng med omlegginga til fødestove, er det svært trist, seier Øien Hauge til Bergens Tidende. - Ved ei slik fødestove trur eg jordmødrene har høgare terskel for å tilkalle gynekolog. Og ein slik forespurnad om gynekologhjelp skal faktisk gå om sjukehuset i Førde først, noko som gjer det enda tyngre.

Øien Hauge har heile tida hevda at fødestovemodellen har alvorlege svake sider.

— Når det skjer noko uventa, er beredskapen for å takle unormale fødslar blitt dårlegare enn tidlegare, seier ho. - I denne saka er det sjokkerande at ikkje gynekolog vart tilkalla.

Helsetilsynet sentralt skal avgjere eventuelle reaksjonar mot dei to jordmødrene, som framleis er i fullt arbeid.