Rådmannen har i ei saksutgreiing stilt fleire kritiske spørsmål om plannemnda for ny barnehage på Tednebakkane på Rong sin bruk av konsulent og arkitekt, melder Kystradioen.

Mikkelsen seier til Kystradioen at han er oppgitt og skuffa over at det blir skapt uvisse mellom to ulike delar av administrasjonen og meiner at dette burde det ha blitt rydda opp i for lenge sidan.

Leiar av hovudutval for skule og oppvekst, Odd Jarle Vik, forsvarar plannemnda sitt val av konsulent og arkitekt og syner til at Tveit Arkitektkontor blei vald etter arkitektkonkurranse.