• Ordførar Astrid Farestveit Selvold må heva seg over personlege markeringsbehov og arbeida for saka som er viktig for regionen.

Denne kraftsalva kjem frå Klaus Rasmussen som leiar Folkeaksjonen i Hardanger mot 420 kV kraftline.

Han er fortørna over at ordføraren tysdag avviste all diskusjon om å endra strategi for bompengeprosjekta i Kvam, grunngjeve med at rådmannen hadde sett saka på heradsstyrekartet utan hennar vitande og godkjenning.

Folkeaksjonen er samd med rådmannen, fortel Rasmussen til Bergens Tidende.

— Dei andre prosjekta i Kvammapakken må stillast i bero, og alle krefter setjast inn for ein tunnel under Kvamskogen, med grøft til 420 kV høgspentkabel. Får vi ikkje dette på plass snøgt, er sjansane små for å unngå at kraftlina vert bygt i luftspenn tvers gjennom Hardangernaturen, seier Rasmussen.

Han meiner det er all grunn til å ta ein ny diskusjon om Kvammapakken, som vart vedteken med berre ei røysts overvekt, når eit så vesentleg moment som kraftlina er blitt aktuelt.

— Ordføraren var i mindretalet då Kvammapakken vart vedteken i heradsstyret. No synest eg det er uklart kva agenda ho har, seier Rasmussen.

Ordførar Astrid Farestveit Selsvold seier til Bergens Tidende at ho ikkje ønskjer å føra nokon debatt med Rasmussen i pressa. Er han verkeleg i tvil om hennar syn på sakene og pliktene som ordførar, må han berre ta personleg kontakt, seier ho.

Ordføraren, som også er leiar av Hardangerrådet i denne perioden, uttrykker glede over at eit samla Hardanger avviser kraftline i luftspenn.