— Tilsynet avdekka svikt i organisering, styring og kontroll av legemiddelforsyninga, står det å lese i den førebels rapporten. Det var i desember at Fylkesmannen gjennomførte tilsynet på Helse Førdes psykiatriske klinikk på Tronvik i Høyanger kommune.

Har ein mistenkt

Rapporten konkluderer med at Helse Førde ikkje har sikra at legemiddelforsyninga ved institusjonen er i samsvar med regelverket. Manglane fører til «risiko for svikt», heiter det.

Det var Helse Førde sjølv som i juni i fjor politimelde svinn på fleire hundre tablettar.

Overfor Bergens Tidende opplyser Høyanger-lensmann Olav Hellebø at saka framleis er under etterforsking.

— Har det vore nokon mistenkt i saka?

— For så vidt ja, utan at eg kan seie noko meir om akkurat det, svarar Hellebø. - Saka er for tida under vurdering av jurist ved kammeret i Florø.

Uavhengig av politietterforskinga bestemte Fylkeslegen å undersøke forholda på institusjonen Tronvik, og det formelle tilsynet var gjennomført 5. desember i fjor.

Den uvanleg krasse kritikken byggjer på åtte konkrete punkt.

Sendt i ulåst emballasje

Dette går på at det ofte er hjelpepleiarar som deler ut medisin, at alle avdelingane har same nøkkel til medisinromma og det ikkje er eigen nøkkel til narkotikaskapa. Vidare at kassert medisin (utgått på dato) blir sendt i retur til apotek ved høve med sjukepleiarar. Transporten skjer i ulåst emballasje og det er ikkje innarbeidd rutine for returmedisin.

Vidare påpeikar fylkeslegen at dei tilsette ikkje har felles forståing av ansvarsforholda rundt legemiddelforsyninga. Rutinar på dei ulike postane er ikkje samordna og vert ulikt praktisert. Rutinar ved utdeling av B-preparat (sovemedisin/roande medisin) blir ikkje følgd på alle punkt, og slik medisin blir lagra på stader den ansvarlege ikkje kjenner og heller ikkje regelmessig kontrollert.

Dei tilsette rapporterer avvik, men har ikkje felles forståing for kva som skal meldast som avvik.

Til slutt påpeikar fylkeslegen at det ikkje blir gjort systematiske vurderingar av risiko og kor sårbar institusjonen er.

Ingen innbrot

Avdelingssjef Øyvind Watne ved psykiatrisk klinikk, Helse Førde, seier at dei tek kritikken frå fylkeslegen alvorleg.

— Vi tar tak i dei konkrete tinga som blir påpeikt. Blant anna har vi avvikla mellomlageret for medisin, og vi har fått orden på forholda rundt nøklar. Generelt aukar vi no fokuset på å følgje prosedyrar, seier Watne til BT.

Watne påpeikar elles at det var Helse Førde sjølv som tok affære og melde medisinsvinnet til politiet.

Han kan ikkje seie noko om korleis medisinen kan ha blitt borte.

— Dette har vi overlate til politiet. Men det er klart at pasientar ikkje har tilgang til medisin utan å bryte opp eller tileigne seg nøklar. Det ville vi i så fall ha merka, seier Watne, som understrekar at dei ikkje har merka svinn etter at saka vart meld.

Kva meiner du om saka? Sei di meining her.

MEDISIN FORSVANN: I juni i fjor politimelde Helse Førde eit stort svinn av medikament frå den psykiatriske institusjonen Tronvik. No kjem fylkeslegen med knusande kritikk av måten institusjonen har handtert medisinane på. Avdelingssjef Øyvind Watne seier han tek kritikken svært alvorleg.
HEIDI HATTESTEIN