— Mamma pusser tennene mine kvar dag. Eg synest det er gøy. Tannkremen er god, den smakar nesten som tyggis, hevdar Stord-jenta.

Kristine er hos tannlegen for andre gong i livet sitt, og BT har fått lov til å vera med.

— Var du redd? spør me.

— Nei, ikkje i det heile. Det gjekk jo kjempefint, seier ho etterpå.

Me får også vita at ho har ei laus tann i munnen sin.

— Den sit litt fast enno, men det er nok ikkje så veldig lenge til den fell ut, trur den tapre 5-åringen.

Tannpusskampen

Tannpleiar Brit Hildal Laastad i den offentlege tannhelsetenesta på Stord rosar den unge pasienten sin.

— Tennene til Kristine såg kjempefine ut. Det er tydeleg at ho er flink til å pussa dei.

Pappa Andreas Myhre (29) fortel at tannstellet aldri har vore noko problem med Kristine.

— Av og til må me lokka ho litt med ein fluortablett som ho likar så godt. Kristine har ei yngre søster på 3 år. Der kan det gjerne vera litt meir kamp. Tannhelsa er viktig, og dei gode haldningane må inn tidleg, meiner han.

I bakleksa

Fylkestannlegen i Hordaland si årsmelding for 2006 syner at 71 prosent av 5-åringane i fylket hadde friske tenner. Tannhelsa i denne aldersgruppa har aldri vore betre.

— Me har ført statistikk sidan 1985 og dette er det beste resultatet nokon gong, stadfestar fylkestannlege Inge Magnus Bruvik.

Han legg til at det framleis er eit stykke å gå, trass i den oppmuntrande forbetringa. Hordalendingane er tradisjonelt sett dårlegare til å svinga tannkosten enn resten av landet. I 2005 hadde 69 prosent av 5-åringane i Hordaland friske tenner. Allereie då var landsgjennomsnittet oppe i over 70 prosent

— Eg er spent på landsstatistikken for 2006 som kjem 15. mars. Men me plar liggja litt bak i alle nøkkelårsgruppene, både blant fem-, 12- og 18-åringane. Det er me sjølvsagt ikkje nøgde med. Kvifor det er slik finst det ikkje noko god forklaring på. Hadde me visst det, så ville me sjølvsagt ha gjort noko med problemet. Eg er likevel glad for at pila peikar i rett retning, seier Bruvik.

Stord dårlegast i klassen

Tannpleiar Brit Hildal Laastad var glad for å senda Kristine Myhre heim med plettfrie tenner. Stord har nemleg ved fleire høve dei siste åra lege i botn når det gjeld fem-åringane. I 1997 hadde meir enn halvparten karies.

— I 2006 var tilfella av karies redusert til rundt fire av ti. Men i fjor rakk me ikkje å sjekka alle grunna mannskapsmangel, fortel tannpleiaren.

Overtannlege Arne Njøsen ved den offentlege tannhelsetenesta i Sunnhordland slit med å forklara dei dårlege resultata, men går ikkje av vegen for å spekulera.

— Mangelfull innkalling kan vera ein faktor. Sidan 1995 og fram til i dag har me berre hatt tre månader med full tannlegedekning på Stord, opplyser han.

Han er heller ikkje framand for at pendlarkvardagen spelar negativt inn på tannhelsa.

— Veldig mange stordabuar er ute på reisejobb. Kanskje er det med å skape dårlegare tannpusserutinar. Undersøkingar har i alle fall avslørt at mødrer som jobbar skift ofte har born med dårlege tenner, seier Njøsen.

Sukkerinvasjon

Hildal Laastad meiner at foreldre bør verta flinkare til å få borna sine til å drikka vatn.

— Ein gjennomsnittleg norsk 4-åring drikk 47 liter utblanda saft i året. Det er altfor mykje. Eitt glas saft inneheld 7 sukkerbitar. Vatn er eit mykje betre og langt sunnare alternativ, påpeikar ho.

Tannpleiaren oppfordrar også foreldre til å innføra gode tannpusserutinar frå første stund.

— Gå laus allereie på den første tanna med kost, vatn og tannkrem, seier Brit Hildal Laastad.

Kjetil Østrem